Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen

Koz med vandalisme og sivil ulydnad i Mummidalen.

(PressFire.no): «Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» er eit pasifistisk naturvernaktivismeeventyr i fugleperspektiv utvikla av norske Hyper Games, og det heile startar idet Snusmumrikken, den grønkledde vagabonden, returnerer til Mummidalen frå si årlege vintervandring.

Heimkomsten står ikkje til forventingane.

Mummitrollet, Snusmumrikkens beste ven, er ikkje å finne på brua der deira vårlege bromantiske gjenforeining sedvanlegvis finn stad. Som om Mummitrollets mystiske fordufting frå Mummidalens overflate ikkje var ille nok, har dalen blitt utsett for skakkøyrt naturforvalting under Snusmumrikkens fråvere. 



Parkvesenet og politiet har gått saman i korrumpert, maktsjukt leietog, og i løpet av vinteren har dei fått konstruert ekle parkanlegg i Mummidalens skog og utmark.

Utviklingsprosjektet er gjennomført utan støtte hjå Mummidalens innbyggjarar: Mummiane ligg, som vi veit, i dvale i den kalde årstida. Dette er eit udemokratisk gentrifiseringsprosjekt med uggen eim av korrupsjon.

Dalen har blitt forsøpla med grufulle skilt fulle av forbod mot å lukte på blomane og denslags, og toppen av den forvaltingsmessige kronidiotien er demninga som har blitt konstruert oppi fjellsida.

Føremålet med demminga er tilsynelatande å kunne gjennomføre kunstig vatning av parkane, men konsekvensen for det naturlige miljøet er allereie påtakeleg.

Forpurringa av dei naturlege vassvegane, kontinuerlig utvikla av millionar års erosjon i Mummidalen, har gjort at fleirfaldige buskvekstar hist og pist har visna hen, nett som på Austlandet dei siste par sumrane.

Øya i det sentrale Mummidalen har blitt ein livlaus ørken; elva er knusktørr. Det er som om Parkvakta har fått det for seg at han er gud og, i eit alvorleg anfall av stormannsgalskap, greidd å overtyde seg sjølv – og politikorpset med – om at parkvesenet kan kontrollere sjølve Mummimoder Mummijord og forbetre skaparverket. 

Det er reinspikka galskap.


Metal Gear Snusmumrikken

Sjå på dei visne buskene! Dei tørstar etter vatn; deira underærnering inspirerer til handling.

Snusmumrikken driv ikkje med bannskap, men vi veit godt kva han tenkjer: «Fuck the system.»

I møte med den harde realiteten, med katastrofen, legg Snusmumrikken all snusfornuft til sides og aktiverer naturvernsaktivistmodusen. Sjølve biotopen i Mummidalen står på spel – eit høgt spel.

Slik maktmisbruk maktar ikkje Snusmumrikken å forhalde seg passiv til, så han tar ansvarskjensla fatt og tar opp kampen mot denne skandaløse samansverjinga i maktapparatet. Naturvernsaktivistmodus engaged!

Snusmumrikken opererer med ein strengt pasifistisk etikk, og vel, klokeleg, å gjennomføre revolusjonen i det skjulte ved hjelp av metodar som hærverk på offentleg eigedom, sivil ulydnad og agitering i Mummidalens sosiale substrata.

Dette er eit samfunn tufta på sjølvberging og gjensidig hjelp der det store fleirtalet ikkje er bundne i arbeidsgivar/arbeidstakarar-relasjonar, så generalstreik er ingen plausibel taktikk. Uansett hastar det å få endringar på plass.



Parkane er proppfulle av Politikonstablar som meir enn gjerne utøver sitt valdsmonopol utan å mukke; pågriping, fridomsrøving, bortvising gjennomførast med fysiske maktmiddel; dei handhevar dei ekle reglane og lova si lange arm med sine ekle, brune fingrar.

Mummidalen-opphavskvinna Tove Jansson (f. 1914, d. 2021) teikna tidlig i karrieren bitande skarpe karikaturar av Adolf Hitler og Josef Stalin for det motkulturelle finske satiretidsskriftet Gorm, og ville nok sagt seg einig i at desse maktovergrepa mot Mummidalens innbyggjarar og biotop er vederstyggelege.

Her, i parkane, går action-delen av spelet føre seg. Det er tale om ein enkel, men effektiv stealth-mekanikk som i essens går ut på å studere Politikonstablane sine patruljeringsmønster og utnytte deira kortsikta trongsyn: Distrahere, vandalisere, sabotere, røske forbodsskilt mot å lukte på blomane og sånn opp med rota med påle og det heile, velte ekle monument over det tyranniske maktveldet overende. Æsj! Knus dei ekle parkvaktstatuane. Fysj!

Uansett. Spaningsnivået i stealth-oppdraga er sånn akkurat passe høgt, prega av ein mild intensitet og heilt passelege infiltrasjonspuslespelutmaningar.


  Musikk- og propagandamumrikken

Spionasje- og sabotasjesekvensane er distribuert gjennom spelet med god rytmesans, og utgjer friske avbrekk til den overordna misjonen, som i hovudsak går føre seg i ein open Mummidal der ein møter dei merkelegaste små hattifnattar og eit vell andre kjente og kjære karakterar.

Her ute i det naturlege mummiverset er den revolusjonære Snusmumrikken væpna med musikkinstrument og retoriske evner. Han er ein ressurssterk mumrikk, ein god hjelpar med formidable personlege eigenskapar.

Hans omgjengelege vesen og rettferdskjensle kjem til nytte i hans politiske eventyr, som naturlegvis involverer ein del agitasjon og kulturell propagandisering, og med ordet og musikken i si makt, evnar Snusmumrikken å snakke og spele sjølv den mest rigide skapning nokon lunde til fornuft (kan hende med unntak av Skogsbarna, då).

«Mina damar och herror, orden er rotet åt allt ondt», som det seiast i biopicen om Mummi-skaparen Tove Jansson, «Tove» (2020), men målet heilagar middelet, som det seiast.

Det skal òg seiast at dialogen, formidla i snakkebobler, er svært velskrive – eg spelte spelet på norsk (bokmål).



Som «Melodien» i tittelen hintar om, står musikken sentralt i «Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen».

I rolla som Snusmumrikken lyt du ta fløyte, sjamantromme og munnspel fatt for å smiske med, distrahere og manipulere framferda til skapningane som held til i denne Mummidalen. Vi nemnte tidligare at dei visne buskane var til inspirasjon for motstandskampen, og inspirasjon finn ein òg i den friske delen av miljøet: Han ligg og lurer i buskaset, blant blomane, i fuglekvitteret.

Etter kvart som ein sankar og haustar inspirasjon, aukar inspirasjonsnivået, og Snusmumrikken blir i stand til å imponere meir kresne skapningar og få tilgang til nye område.

Forskjellige skapningar vil høyre forskjellige instrument, og dessverre er det mest brukte instrumentet i Snusmumrikkens arsenal eit surt munnspel. Oooof.

Det skjærer i øyro og sjela, og ikkje blir låten stort betre etterkvart ein levlar opp inspirasjonsnivået, heller.

Fløyta og tromma læt til gjengjeld vent og vakkert, og komponist Oda Tilsets minimalistiske miljømusikk passar som grøne fingrar i hagehanske til den rolige, meditative stemninga som kviler over Snusmumrikkens eventyr i mummiverset.


Grafikkmumrikken

Hyper Games har gjort eit formidabelt stykkje arbeid med omsetjinga av Tove Janssons bilete til digitalt format.

Grafikken er mjuk som silkepapir; ormegras og buskas raslar som papirutklipp i sønnavinden; skinet kringom månen er det berre å tre seg ut or den magiske hatten for. Denne framstillinga av mummiverset er ein fryd for auget.

Snarare enn den anime-aktige stilen i den japanskproduserte teiknefilmserien frå nittitalet, ligg det visuelle uttrykket i «Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» nærare den tresnitt-prega stilen med store fargeflatar i «Hvem skal trøste Knøttet», den klassiske biletboka frå 1960 som eg visstnok kunne utanåt og resiterte til den langt større naboguten ute på trappa både ein og to og tre gonger då eg var to eller tre eller der.

«Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» minner ein liten smule om Lucasarts-klassikaren «Herc’s Adventures» (PlayStation/Saturn, 1997) i sitt teiknefilmliknande uttrykk i top-down-perspektiv og lett metroidvania-aktige opne leveldesign, men medan «Herc’s Adventures» er ei heller hardcore, hektisk og valdeleg affære, er «Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» ei rolig speloppleving; medan kartet i «Herc’s Aventures» som dekkjer store delar av den greske panteonen, er den opne Mummidalen i «Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» ganske liten; ein komprimert variant av mummiverset.

«Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen» er eit tilbakelent spel som ein kan slappe av med – og i: På fleirfaldige stader kan ein legge seg ned og stirre på himmelen og late seg og late seg hypnotisere av det hypnotiserande samspelet mellom mummidalsk fuglekvitter, hattifnattuling og lyden av solstrålar og måneskin som stryk mildt langs trekronene; ein kan sitje på bryggjekanten og skode ut mot horisonten i stille kontemplasjon utan å få fisk. Eg fekk iallfall ikkje fisk. Eit slags anti-minispel om å ikkje gjere noko som helst. Underleg.

Spelet byr på minimalt med hovudbry og få utmaningar, men byr på nok overraskingar til at det stadig kjenst nytt. Dette er eit kort spel som kan rundast på ein heilaftan, men samstundes er det i grunn akkurat så langt som det burde vere.

Koz, dette spelet.

Bortsett frå det sure munnspelet.


https://www.youtube.com/watch?v=2QF4lL10yCc

«Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen», eller «Snufkin: Melody of Moominvalley» som det heter på engelsk, er ute til PC (testet) og Switch.

Oppsummering
Positivt
God stemning! Fin «Hvem skal trøste Knøttet»-grafikk. Sympati for Hufsa til ettertanke. Kort nok til å unngå keisemd.
Negativt
Surt munnspel. Minimalt med utfordringar og sidequests. Noko underutnytta open world-design.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3