(PressFire.no): I ei scene i Seinfeld-episoden «The Label Maker» speler Kramer og Newman «Risk» på t-banen. Han er under sterkt press frå alle kantar, men Newman meiner stadig å kunne stå imot overmakta, for han har tropper i Ukraina. Kramer ler hånleg, stemplar Ukraina som svakt og kraftlaust.
Ein ukrainsk medpassasjer overhører og spør, retorisk: «Ukraine is a game to you?!», før han regelrett eigenhendig knuser Cosmo Kramers tyranniske herredømme og motbeviser alle illusjonar om at det nest største landet i Europa manglar motstandskraft.
Ukraniarar har sanneleg vist motstandskraft i røynda og snudd maktspelbrettet på hovudet i vekene etter Putins kriminelle invasjon, ein tragedie og ei humanitær katastrofe av ufattelege proporsjonar. Ukraina er ikkje eit spel. Men! Mange interessante dataspel er ukrainsk-utvikla – mange fleire enn eg var klar over for nokre veker sidan.
Det følgjande er nokre av dei.

«The Testament of Sherlock Holmes» (2012)
Den ukrainske utviklaren Frogwares’ «Sherlock Holmes»-spel er mange – ni i talet i tillegg til fire «casual games» – men «The Testament of Sherlock Holmes» frå 2012 er det einaste av dei eg har spelt – enn så lenge.
Eg minst at eg blei svært overraska over kor spanande det var, og sekvensane der ein spelar som ein hund er sementert i mitt spelminne. Eit godt spelminne – eg tenkjer stadig at eg burde sjekke ut fleire spel i serien. Fansen seier gode ting, og «Crimes and Punishments» frå 2014 og «Sherlock Holmes Chapter One» frå 2021 høyrast særleg interessante ut.

«The Sinking City» (2019)
Den siste tida har eg tilbrakt kveldane som okkult detektiv i Frogwares H.P. Lovecraft-inspirerte mysterium «The Sinking City» på Switch. Dette paranormale «Grand Theft Cthulu» går føre seg i den oppdikta byen Oakmont på 1920-talet, og dynka som spelet er i tema som oversymjing, mental uhelse og livsformslekkasjar frå parallelle univers, er djupna i allegorien uutgrunneleg.
Her får ein leve ut draumen om å vere like dårleg stilt som Mickey Rourkes fordømte detektivfigur i voodoo-mysteriet «Angel Heart», og det er merkeleg fengjande. Eg har ikkje løyst mysteriet enno, men jula varer heilt til påskekrimen osv.

S.T.A.L.K.E.R.: Shadow of Chernobyl (2007)
Den banebrytande post-atomkrig-immersive sim-en «S.T.A.L.K.E.R.: Shadow Of Chernobyl» blei laga av det Kyiv-baserte GSC Gameworld og går føre seg i ei alternativ røynd der Tsjernobyl-ulukka gjekk vel så galt som her på vår grein av multiverset og ei mystisk katastrofe nummer to har ført til rare fenomen og kollaps av tid og rom inne i Tsjernobylsona. Spela er inspirerte av Arkadij og Boris Strugatskijs satiriske sci-fi-roman «Piknik ved veikanten» og Andrej Tarkovskijs filmatisering, «Stalker».
Den sovjetiske sci-fi-tradisjonen har ein tendens til å framstå som svært relevant, og den tradisjonen ser ut til å ha blitt med inn i sogene som formidlast i ukrainske spel. «S.T.A.L.K.E.R. 2» var planlagt utgitt i sommer, men har blitt utsett pga. Putin. Forhåpentlegvis får utviklarane i det Kyiv-baserte GSC Gameworld og alle deira medborgarar snarleg fred.

«Ostriv» (2020, early access)
«Ostriv» tyder «øy» på ukrainsk, og i spelet trer du inn i rolla som guvernør for ein ukrainsk by på 1700-talet. Dette bybyggingsstrategispelet av den ukrainske utviklaren yevhen8 har vore i utvikling sidan 2014 og er tilgjengeleg i «early access» på Steam og GOG. Eg har ikkje fått prøvd det sjølv, men folk likar det godt – det har «very positive»-rating på Steam med over to tusen meldingar.

«Metro»-serien (2010–2019)
«Metro»-spela er baserte på den russiske forfattaren Dmitrij Glukhovskijs bøker og sett til og rundt Moskvas t-banesystem, men er laga av det ukrainske spelstudioet 4A Games (som rett nok flytta basen til Malta etter okkupasjonen av Krim i 2014). «Metro 2033» frå 2010 hadde, trass dustete AI og til dels slarkete mekanikk, palpabel appell grunna atmosfæren og det presserande immersive sim-gameplayet.
Med «Redux»-utgjevinga av «2033» og oppfølgjaren «Metro: Last Light» i 2014 blei denne «Half-Life» og «Bioshock» sin tungsindige austeuropeiske slektning markant forbetra. «Metro Exodus» frå 2019 opna opp med lange ekskursjonar på planeten si overflate og auka produksjonsverdi, og har med sin tighte kampmekanikk og mikstur av ekspansive sandkasse-område og lineære, mørke og klaustrofobiske sekvensar, vore solid frå starten. Det er verdig ein plass på immersive sim-pallen saman med sin stamfar, «S.T.A.L.K.E.R.». Desse ukrainske utviklarane veit sanneleg korleis ein skal setje i hop ein god post-atomkatastrofe-førstepersonskytar med overlevings- og rollespel-element.

«Inmost» (2020 – del av «Bundle for Ukraine» på Itch.io)
Itch.io sin «Bundle for Ukraine» kan kjøpast til klokka åtte fredag morgon, og blant dei nesten tusen tinga som utgjer den gigantiske digitale buketten, fins «Inmost», utvikla av eit ukrainsk-russisk team basert i Litauen. I kommentarfeltet på spelet si Itch-side fins utsegn som: «This game changed my life». Det blir ikkje sagt om alle puzzle-plattformspel.

«Cryostasis: Sleep of Reason» (2008)
Det atmosfæriske og faktisk ganske poetiske skrekk-og-einsemd-i-isaudet-eventyret i førstepersonsperspektiv, «Cryostasis: Sleep of Reason» kom ut i 2008 og bidrog saman med spel som «Penumbra» og Tale Of Tales’ «Fatale» til å opne mine auger for bølgja av moderne, vaksne indie-spel med brutalt preg av akutt alvor som vaska over slutten av 00-talet. «Cryostasis» ser dertil enormt vakkert ut med ein estetikk og grafisk stil som held seg den dag i dag.
«Cryostasis» har hatt heidersplass i Steam-biblioteket mitt i over eit tiår, men det viser seg dessverre å ha forsvunne frå Steam-butikken, så meir kreative metodar må til for å få fatt i spelet – som vanleg ser det ut til å vere copyright-konflikt som er skuld i at kunsten er utilgjengeleg. Kan hende kjem GOG på banen dersom dei merkar interesse? Det går an å håpe, for samtlige av den føreverande ukrainske spelstudioet Action Forms sine kreasjonar er innovative førstepersonsspel av første klasse som fortener sin plass i spelhistoria.
Medan den grimme «Quake»-liknande sci-fi-skytaren «Chasm: The Rift» (1997), med si banebrytande lemlesting av eit kreativt fiendegalleri (zombiefiserte hoffnarrar, til dømes), og den elleville «Half-Life»-møter-«Far Cry»-berg-og-dalbaneturen «Vivisector: The Beast Within» kan hende er uslipte juvelar, mogelegvis kan kategoriserast som «eurojank» og truleg primært er av interesse for FPS-entusiastar som underteikna, tenkjer eg på «Cryostasis» som eit kunstverk – eller eit stykkje litteratur.
Du bør spele «Cryostasis» om du likar forfrosne gys i hardt virtuelt ver og motvind med eit is-lett okkultisme, psykotiske samanbrot og skilsetjande psykedeliske nær dauden-opplevingar som rører rundt i sjelslivet.

«Cradle»
Cafe For Semianimals er eit av dei mest forunderlege spelstudionamna eg kjenner til, og deira einaste spel til no, «Cradle», er eit forunderleg porsjonspakka science fiction-eventyr. Det foregår i førstepersonsperspektiv på den mongolske sletta.
Det er eit utforskingsspel med puzzle-element og er enormt detaljert. Det er svært godt forfatta, lokkar spelaren inn i filosofiske fabuleringar og er ein fryd for sansane. «Cradle» er ei narrativ perle i spelform.