Polske antikrigsspel til støtte for krigsoffer i Ukraina

Stiller opp i solidaritet.

1. mars 2022 12:43

(PressFire.no): Torsdag kveld kunngjorde den polske spelutviklaren 11 bit studios at dei skal donere alle inntekter frå sal av spelet «This War Of Mine» i ei veke, fram til kl 20:00 norsk tid 3. mars, til ukrainsk Raude Kors for å støtte offer for krigen i Ukraina.

– Vi står oss mot den russiske invasjonen av Ukraina, stadfesta utviklarane i støtteerklæringa, som hadde emneknaggen #FuckTheWar.

«This War Of Mine» er eit antikrigsspel frå 2014 der ein organiserer og går inn i rolla som ei lita gruppe sivile under ein okkupasjon. Ressursane – mat, materialar, medisin – er knappe, og det er naudsynt å gjere harde prioriteringar og ta vanskelige etiske val.

Spelet er inspirert av kringsetjinga av Sarajevo under Bosnia-krigen på 90-talet, og dei krigsherja omgjevnadene er presentert med enkel, men realistisk 2D-grafikk i dus palett og har eit ukomplisert kontrollsystem slik at den engasjerande, hjarteskjerande opplevinga er tilgjengeleg sjølv for dei med lite spel-erfaring.

Polske myndigheiter annonserte i 2020 at «This War Of Mine» skulle leggjast til i lista over tilråda lesing for sosiologi-, etikk-, filosofi- og historiestudentar, og spelet skal dermed vere det første til å bli inkludert på ei offisiell nasjonal liste over tilråda pensumlitteratur.

Over fire og ein halv millionar eksemplar av «This War Of Mine» hadde blitt selt i 2019, og i tillegg til dataspelet har det blitt lagd ei brettspelutgåve. Der kan opp til seks spelarar samarbeide om å overleve som sivile i ein urban krigssituasjon. Utviklerne står òg bak strategispelet «Frostpunk», som går ut på å byggje og organisere ein by i ei alternativ verd der klimaendringar har ført til ei ny istid.

«This War Of Mine» er tilgjengeleg til de fleste plattformer. I tillegg til hovudspelet fins ei rekke utvidingspakker, til dømes «The Little Ones» der opplevinga til barn i krigssituasjonar utforskast. Inntektene frå sal av hovudspelet og all DLC på alle plattformer og marknadsplassar blir sendt til ukrainsk Raude Kors.

Ein annan polsk utviklar, Beetlewing, donerer inntektene frå sci-fi-strategispelet «Slipways» til polsk Raude Kors’ Ukraina-hjelpefond, #naPomocUkrainie. «Slipways» går føre seg i eit imaginært verdsrom utan krig, og kampanjen hadde per søndag kveld samla inn nesten 15 000 amerikanske dollar.

Spelnettbutikken GOG.com, som sel spel til PC, har slutta seg til begge innsamlingsaksjonane og annonsert at dei òg vil gje sin del av inntektene knytt til «This War of Mine» og «Slipways» – fram til kl. 20:00 torsdag 3. mars – til Raude Kors. «Slipways» er tilgjengeleg til Windows og Mac og kan òg kjøpast direkte frå utviklaren på Itch.io, ein publiseringsplattform for uavhengige spel.

Tsjekkiske Amanita Design, som står bak spel som «Machinarium», «Samarost» og «Happy Game», og britiske State Of Play, som har lagd «Lumino City» og «KAMI», donerer òg inntektene sine i solidaritet med sine ukrainske kolleger og medmenneske.


Deprecated: preg_match(): Passing null to parameter #2 ($subject) of type string is deprecated in /var/www/production/pf23/artikkel.php on line 422
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3