Concrete Genie

Ingen kreativitetssimulator.

(PressFire.no): I Concrete Genie tar spelaren kontroll over Ash, ein gut med stor malarkost og enno større fantasi. Etter å ha blitt utsett for eit tilfelle av brutal mobbing av dei andre ungane som heng rundt i spøkelsesbyen Denska, støyter han på eit av sine eigne kunstverk lekamleggjort, ein djinn – eller ånd – som lurer i murveggane og føreslår for Ash at han skal redde byen ved å tenne lykter og lage gatekunst.

Havnebyen Denska har nemleg blitt fullstendig fråflytta i etterkant av eit oljetankarhavari, og det einaste som held til der no er ei svartlilla gugge samansett av oljesøl blanda med den negative energien til dei forbitra eks-innbyggarane.

 

Malarkosten er mektigare enn sverdet

Med dekorasjon skal mørkret fordrivast, så du gir deg ut på å bombe heile byen med din uforderva og idylliske kitsch.

Det er ikkje berre byen som har blitt utsett for miljøkatastrofe. Det har òg dei fem bøllene som vil pepre deg med papirkuler og stappe deg oppi søppelspann kvar gong du støyter på dei. Når det blir dragkamp mellom deg og rampungane om den magiske malarkosten, viser det seg at børsta òg fungerer som empatiforsterkar, og du mottek visjonar av traumatiske hendingar i familielivet til bøllefrøa.

Dette forteljartekniske grepet er det eg synest er mest sympatisk ved «Concrete Genie». Det handlar om mellommenneskeleg forståing, tilgiving, arvesynd og så vidare.

Sukkersøtt og vakkert, men det er diverre ikkje berre å male over mørkret med friske fargar, skal det snart vise seg. Nokre timar inn i spelet tar det heile ei brå vending idet du har trengt den gufne gørra inn i eit hjørne og det bestemmer seg for å besette dine djinn-kunstverk og gjere dei til parasittbefengte udyr.

 

Ingen kreativitetssimulator

Med eitt endrast det spelmekaniske kraftig: Malarkosten blir til eit kombinert våpen og surfebrett som ein dreg nytte av gjennom ein tett serie relativt hektiske bossfights. Eg blei ein smule skuffa over at spelet ikkje klarte å halde seg borte frå kampmekanikk heile vegen gjennom, men på den andre sida var eg for lengst grundig lei av å leite fram dei rette sjablongane til å klatte på veggane og å studere kartet etter utende lyspærer. Slik sett var temposkiftet forfriskande.

«Concrete Genie» er eit heilt greitt barnevenleg platformeventyr, men som kreativitetssimulator fann eg spelet lite overtydande. Det som krevst av deg som «malar» er ganske enkelt å finne fram den serien med clip art-aktige sjablongmotiv som djinnane dine ber om, slik at dei kjenner seg motivert for å fjerne hindera i din veg.

Kan hende er eg ein blasert biletkunstnar, for eg finn null glede i å klatte i hop collagar av dei heile seksti forskjellige motiva Ash på slutten av spelet er i stand til å produsere. Noko ein dertil kan gjere i VR, men finn heller fram papir og blyant i den fysiske verda, seier no eg.

Ash driv altså med revitalisering av byen gjennom kunst og kreativitet. I røynda er dette eit velkjend ledd i gentrifisering, altså prosessen som gjeng føre seg når arbeidarklassestrøk gradvis blir gjort attraktive for meir velståande demografiar. Kunstnarar er generelt sett fattige, men nabolag med kunstnarisk aktivitet er attraktive for folk som ønsker seg større kulturell kapital, eigedomsspekulantane kjem på banen, og så vidare, og vidare ryddar kunsten til Ash tydelegvis òg opp i den ekstreme forureininga i Denska.


Eg kjem til å tenke på omgrepet artwashing, eit omgrep som i røynda viser til når kunst og – ofte u(nder)betalte – kunstnarar blir tatt i bruk av kapitalen og næringslivet for å «framstå som meir venlege, gi (kapitalen og næringslivet) god PR og ellers hjelpe dei med å fortsetje å gjere usle ting» (omsett frå Artsprofessional.co.uk).

Og vesle artwAsh får ikkje ein gong betalt. Viss han gjorde det, ville vel «Concrete Genie» vore ein barnearbeidsimulator, og kunst er jo hobbyen hans uansett. Kanskje han kan stille ut i eit galleri når gentrifiseringa er total. Forøvrig har eg heller ikkje sans for den heller kitschy barnebokestetikken. Men det er sjølvsagt ein smakssak.

«Concrete Genie» er ute til PS4.

Oppsummering
Positivt
Langt på veg ikkje-valdeleg gameplay. Positiv bodskap om mobbarar og traume. Enkel og grei platformmekanikk.
Negativt
Sjablongmessig kreativitetsfunksjon. Naiv bodskap om kunsten som reddar verda. Mykje kartlesing og avkryssing av boksar. Repeterande gameplay trass kort lengd.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3