SKALD: Against the Black Priory

– Øydelegg sjela di for alltid.

(PressFire.no): Pris Xada-Hgla, den blinde idiotguden! Rollespelet «Skald: Against the Black Priory» er på full fart inn i vår felles dimensjon – nærare bestemt Steam og GOG. 

Eg spelte «SKALD», døydde og blei fødd på ny.


Re-Tro

Kva skal ein seie om eit spel som dette forutan absolutt alt eller ingenting? 

Skald vi sjå. Lat meg starte med byrjinga.

Det er tale om eit rollespel i 8-bit-stil signert High North Studios, ein enkeltpersonsutviklar med base i Vadsø samansett av Anders Laurindsen, og som rollespel ofte gjer – tenk «The Adventures of Alundra» og «Link’s Awakening» – startar denne kosmiske anti-dannelsesreisa gjennom tid, rom og det som ligg over, under og sidelengs, til havs.

Du er på chartertur med skipet, mannskapet og den private hæren du har hyra inn for høvet. Mannskapet på skuta har sjølvsagt sett sjøbein i nasen og vore ute i hardt ver før, men dei stakkars blautskalla landkrabbene av nokre leigesoldatar blir sjølvsagt sprit sprut sprø så snart eit enormt blekksprutmonster dukkar opp ut frå det store blå og set eit blautdyrisk virvellaust virvar i sving med sine tentaklar.

Vi har vel etterkvart skjønt at denne yrkesgruppa, «mercenaries», er samansett av ein suppegjeng med blautskallar utan ryggrad, så det blir panisk infighting, bu-ct-hu-l-hu, og så har vi heile den shakespearske «Stormen» gåande, veit du. Forlis, vrakgods og det heile.


Klassisk oppspark

Medan du skyllast inn mot land der du flyt mellom liv og død, er det tid for eit flashback.

Du har blitt kalla tilbake til heimbygda av ein patriark nedtynga av skyldbetinga, feilregulert formynderansvarskjensle. 

Som den vasstrekte alkoholikerklisjeen slike rollespelstefarsfigurar så ofte er, gir han deg oppdraget: Å reise til ein fjern arkipel for å finne si dotter. Ho har reist dit, skjønar du. 

Du tar deg ein svingom i hekkelabyrinten du leika med di barndomsvenninne i den gong barndomstraumatikktrykket stod på som verst, tar deg nokre flashbacks i flashbacket, og så er det ut på tur. Med nevnte båt osv.


Love your craft

Ah, tenkjer du: Typisk lovecraftiansk rollespelscenario! 

Det har du saktens rett i: Dette oppsettet kjenner vi godt. 

Men no skald u høyre: Som det litt etter litt skal vise seg, formidlar «SKALD: Against The Black Priory» H.P. Lovecrafts kosmiske angst fleirfaldige gigantblekspruthovud betre enn noko anna spel eg har spelt. 

Der «Return of the Obra Dinn» (med nærast identisk forlisoppsett) gav innsikt i kor grufullt forsikringsagentyrket er, tok «SKALD» totalt knekken på meg. 

Det knakk skallen min open som eit egg og slo rot i sjela. Eg kjem aldri til å vere den same etter dette.


Skaldebank

Du skjønar det at «SKALD» er ein virtuos dans i lenker, som gode gamle Freddy Nietsche ville sagt. 

Han sa «dans i lenker» når han snakka om stanseføter og denslags avgrensingar dei gamle poetane sette for seg sjølv, og lenkene i «SKALD» er om lag alle RPG- og «eldritch horror»-troper du kan tenkje deg. 

Før du veit di arme råd, har «SKALD» fått tentakkelballetak på alle dine mentale bestanddelar, og hjelpelaus blir du leia gjennom ein intrikat koreografi av – tilsynelatande – klisjear strake vegen mot avgrunnen. 

Utan stans. Du har ikkje sjans.

Du er med dette åtvara. 


Skald vi danse?

D skal vi.

Vi skal d. 

Musikken i «SKALD» er nemlig komponert av Surt.R, ein dungeon synth-produsent som lagar lydspor til eksisterande og ikkje-eksisterande dataspel ut frå Dnipro, Ukraina. 

Underteikna er kjent for si store dungeon synth-kassettsamling, og i denne skal «SKALD: Original Soundtrack» gjerne få ein sentral heidersplass dersom ei kassettbandutgjeving finn stad i tida ein gong. 

Den fredsæle FM-synth-ljoden av Yamaha YM2413, OPLL-chipen vi alle kjenner frå den japanske versjonen av Sega Master System, ymse SNK-, Atari- og Alpha Denshii-arcadekabinett frå det seine 80- og tidlege 90-talet, den vakre Sholty-keytaren SHS-10 samt JTES, den japanske tekst-tv-standarden, kler spelet som hand i gauntlet.


Skald vi sjå

Surt. Rs bruk av «detune»-effekt er svært effektiv, og den presise bruken av såkalla «sure» eller «blå» tonar resonnerer på noko så inni helsikes himmelsk disharmonisk vis med oppkastmekanikken i «SKALD».

No nærer ikkje underteikna stor grad av nostalgi for 8-bit-estetikk. 

Når det kjem til tur- og lagbaserte RPGar har eg spelt «Shining Force» på Sega Mega Drive, men «Ultima» og «Wizardry» har eg lite peiling på. 

Eg er ein 16-bit-snobb som synest EGA-palletten minner om oppkast.

Den klumpete pikslelgjørma maner fram mentalt sure oppstøyt og det intense ubehaget ved dårlig tygde frossengrønsaksbitar som set seg fast i biholene i mislukka revers gjennom fordøyingssystemet, og eg har aldri i heile mitt liv vore borti eit spel med såpass gjennomarbeidd kvalmemekanikk som den «SKALD». 

Dette er eit spel som formidlar stank på kraftfullt vis.


Iskaldt beist

Dersom balansen mellom willpower (eller kanskje det var control-skilltreet som gjaldt, eg hugsar ikkje riktig) og terningane landar på di side, er det faktisk mogeleg å ikkje kaste opp i «SKALD», som viklar deg inn i eit forferdeleg, altomfattande flettverk av absolutt alle dimensjonar – i 2D – og røskar deg av garde på ein ustanseleg svimlande svingom samstundes som det presser tentaklane sine langt forbi din usle psykologiske brekningsrefleks.

Eg kunne heldt fram i det lange og det breie, men ved sidan av tentaklane, snik «SKALD» sine slyngtrådar og pseudopodier umerkbart inn i det umedvitne.

Slyngtrådane slår rot i djupet av sjela. Du har ingen sjans i møte med dette beistet av eit spel. Terningkast 5,58.

https://www.youtube.com/watch?v=PjVrwMYpejM

Oppsummering
Positivt
«SKALD» øydelegg sjela di for alltid, og er dermed ein uimotstrideleg vellukka formidling av lovecraftiansk kosmisk horror. Flust med vanskegradsjusteringar og anti-stuck-funksjonar slik at vi utan RPG-erfaring kan henge med.
Negativt
Noko ubalansert balansesystem, mangel på heftige trylleformular, enkelte performance issues (opplevde lagggg ned mot 2FPS i enkelte område). Alle desse skal vere reparert ved launch, så det går bra.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3