Måtte den fjerde vere med deg

«Dark Forces» er ein metafor for livet sjølv.

4. mai 2024 17:52

(PressFire.no): «Star Wars: Dark Forces» kom ut til MS-DOS og MacOS 8. mars 1995, og – DER! – kom fjerde mai du skjønne milde som Star Wars-dagen på kjerringa.

Eg ber om orsaking for at det tok nesten 29 år å skrive denne meldinga.

«Star Wars: Dark Forces» kom ut til PlayStation 30. november 1996. Dei hadde ein leigekopi av denne versjonen av «Star Wars: Dark Forces» til leige på videosjappa som delte lokale med Svein’s Grill og Pizza i Knarvik, Vest Trade Video AS, men eg fekk aldri leigd det.

Det einaste PlayStation-spelet eg kan hugse å ha leigd på Vest Trade Video AS i Knarvik er «Wipeout 2097», men det hadde hakk i plata.

Kven vil vel risikere å høyre den forvitnelege midi-musikken i «Star Wars: Dark Forces» i kakofonisk, urytmisk stand? Som Meister Yoda så prist ville formulert det: «Hmmmmmm?»

Nok (Prinsesse) leiande (Organa) spørsmål om leigemarknaden.

Eg ber om orsaking for at det tok nesten tjueåtte år å skrive denne meldinga.

Saka er den, kjære lesar, at ein remaster av «Star Wars: Dark Forces», eit av dei leiande førstepersonsskytespela frå 90-talet, kalla «Star Wars: Dark Forces Remaster», kom ut til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S 28. februar 2024.

Eg ber om orsaking for at det tok over to månader å skrive denne meldinga.

Det er sjølvsagt ei stor mengd veldig gode grunnar til at det tok meg så lang tid å skrive denne meldinga ferdig. Eg kunne ha skulda forseinkinga på all slags bantha-poo-doo og bullsith utanfor min kontroll, til dømes at eg blei teken til fange på Jabbas romcruiseskip i tiande brett i «Dark Forces». «It’s not my fault!», som han Han Solo sa, men eg tar det heile på mi tradisjonelle Ryloth-kappe laga av Jalavash-ormsilke.

Dette er mitt ansvar. Unnskyld. Eg beklagar. Eg håper eg kan gjere det godt igjen med denne fjerde mai-helsinga: May the Dark Fourth-es Be With You!


1-2-3, May the Fourth skal det skje

Vellet av bedritne omstende som førte til at det tok så lang tid å skrive ferdig teksten du les, skal vi kome tilbake til, men først, før vi kjem så langt, er det naudsynt med ein aldri så liten historieleksjon for å sette det heile i kontekst.

Latrinekatastrofa i Erfuhrt (tysk: Erfurter Latrinensturz) fann stad 26. juli 1184.

Henrik VI, konge av Tyskland, hadde kalla ein gjeng adelege inn til Hoftag i domkyrkja i Erfurt (Hohe Domkirche St. Marien zu Erfurt, òg kjent som Mariendom). Den samla kroppsvekta til forsamlinga av høgborne fekk golvbjelkane til å briste, og minst 60 drukna i tiss og bæsj.

Den merksame lesaren vil ha merka seg parallellen mellom Latrinekatastrofa i Erfurt og ei av dei mest grufulle scenene i «Star Wars Episode IV: A New Hope», der Luke, Leia, Chewbacca og Han Solo er nær ved å bli klemt til daude i søppelsjakta i Dødsstjerna medan eit uhyrleg tentakkeludyr med auge på stilk stikk truande opp frå botnslammet.

Demo-CDen som følgde med PC Power Platinum Awards Volume 4 (1996) var svært formativ for mitt unge gamer-sinn. Slik ei gigantisk mengd shareware- og demoversjonar av spel samla på ein einaste CD-rom har eg sjeldan, faktisk aldri, sett korkje før eller seinare – over 100 i talet.

Alt dei fekk skvist inn på 750 megabyte, altså. Mellom anna «Dark Forces»-demoen, som eg spelte om att og om att. Og om att og om at-at.

Demoen inneheldt første brett, som formidlar soga, i førstepersonsperspektiv, om korleis planane til masseøydeleggingsvåpenet Dødsstjerna, som, som vi veit, snart skulle bli brukt til å gjennomføre planetarisk folkemord, blei stolne, og dei blei stolne av deg, Kyle Katarn, ein eks-imperialistisk spion som no opererer i det skjulte med «laus tilknytting» til den opprørske alliansen, ein galaktisk geriljaorganisasjon som for tida planlegg ei massiv omvelting av eit anti-demokratisk imperium med ein korrumpert, maktsjuk politikar, svartmagikar, meistarleg høgreekstremistisk manipulatør og folkemordarisk propagandist i spissen: Keisar Palpatine.

(Henrik VI overlevde forresten latinekatastrofa av di han sat og skalv i ein vindaugskarm eller noko, og blei seinare keisar av Det heilage romerske riket av tysk nasjon. Kakistocracy, anyone? )

Og etter første brett kjem det fram imperiet er i ferd med å utvikle eit nytt våpen: «The Dark Trooper». Utviklinga må stoggast. Av deg, Kyle Katarn. I «Dark Forces».


Luke I am your mother

Kyle Katarn vaks opp på Sulon, månen til planeten Sullust. Far spesialiserte seg på mekking og sal av jordbruksmaskineri. Han hadde nære band til det landlege miljøet, og skal ein tru instruksjonsboka eg fann i mitt gamle big box-eksemplar av «Dark Forces», som eg har henta ned frå loftet hos mamma, var familien til Kyle tett samanstrikka, prega av tryggleik og varme.

Ein varm sumardag i min eigen oppvekst, var eg innom ein bensinstasjon i Fræna kommune. Eg hadde spelt «Dark Forces»-demoen om att og om att og om att att, og du kan tru eg blei fylt med vellyst og varme kjensler då eg oppdaga det grøne, stormtrooper-dekorerte pappcoveret til fullversjonen av «Dark Forces» i all sin big box-prakt i bensinstasjonhylla!

Du grøne tid, for eit funn! Her måtte det handling til. Surt oppsparte sparepengar ubrukte på søtsaker, ka-tsjing! Eg hugsar ikkje riktig kva vekepengesatsen låg på på den tida. Meir enn 20 kr, vil eg tru. Tilskot frå ho mor måtte nok til for å få gjennomført handelen.

Mamma meiner bensinstasjonbesøket må ha funne stad i 1997, etter ekteskapseremonien der tante og eks-onkel blei gift. Inkje varar evig, veit du, og nettopp der, ca., har du ein del av forklaringa på kvifor det tok meg ei halv æve å skrive ferdig denne meldinga.

Iallfall er dette ein av grunnane til eg ikkje meistra å ferdigstille denne meldinga i løpet av dei to første åra etter release av «Dark Forces». Heller ikkje den første månaden etter release av «Dark Forces Remaster» òg, forsåvidt. Eller før i dag, då. Shit happens. Sorry!


Use the PC Power

I Kylie Katarns skor får spelaren innsyn i det skjulte operative nettverket som dannar grunnlaget for den overordna galaktiske motstandskampen, og det er berre å bøye seg i støvet for heltemodige som Katarn, som med mot og sjøvloppofrande vilje til å lide og døy i anonymitet for fellesskapet sitt alter, driv med sabotasje av militærindustrikomplekset sin dans etter pipa til eit totalitært tyrannisk maktvelde, jailbreaks av rettmessige informantar og fløyteblåsarar i rettferda si heilage ånd et cetera mot og i skuggen av eit udemokratisk og undertrykkande imperialistisk maktapparat si omsynslause underminering av folkeretten og skruppelause folkemord på impuls.

«Impulse rifle» er forøvrig eit unikt våpen utan sidestykke i sin ludiske sjanger. Katsjooom!

Ellers handlar ikkje «Dark Forces» berre om militærindustrikomplekset og den utakksame kampen mot den religiøse etnostatsimperialismen med sine galaktiske apartheid og folkemord.

Det handlar òg om det at stormtrooparar òg må urinere – korleis det er lagt til rette for i «Dark Trooper»-eksoskjelettet gjerast ikkje greie for, men nikket til ur-FPSen «Wolfenstein 3D» med sin Adolf Hitler i robotdrakt er sterkt til stades, og det er viktig å halde i mente at Kyle Katarn boksar med venstre neve. Rett venstre!

I PC Power-bladet eg talar om er det nemleg eit screenshot av ein stormtrooper som står med ryggen til spelaren og urinerer i eit urinal, formodentleg. 

Det kan òg hende at den imperialistiske soldat står der og beundrar dette toalettekniske vidunderet; kven veit, kan hende er vedkomande oppslukt i djup kontemplasjon over denne tida og galaksen sitt svar på Marcel Duchamp, Richard Mutt, Rrose Sélavy, Elsa von Freytag-Loringhoven og/eller Louise Nortons anti-rasjonelle, proto-dadaistiske anti-kunstverk, «Fountain» frå 1917. 

Som altså tar form av eit signert pissoar og er eit uhyrleg sentralt bidrag til den moderne kunsthistoria.


Opp på loftet

Apropos ho mor, så er ein av hovudgrunnane til at det tok meg så lang tid å fullføre meldinga av denne forvitnelege Star Wars-doomklonen at eg under innspurten blei besett av ideen om å grave fram PC Powers topp 100-nummer frå 1996 frå banankassene på loftet heime hjå ho mor. Det måtte til. Eg måtte finne ut kva som stod skrive under pissoarbiletet.

Eg drog heim til mor til påske og gjekk opp på loftet.

Det var mørkt på loftet. Den einaste lyskjelda var ei einsam ljospære, skrudd fast i ein sokkel skrudd fast i ein takbjelke spikra fast til anna tømmer. Der, oppå loftet, hang dei saman i mørkret, lenkja, basta og bundne til ein lysbrytar langt borte i området kring loftslemmen. Dei høyrde stadig vekk ljoden av skritt nede i første etasje, og visste aldri kva som kom til å hende. Men så ein dag, i påska, høyrde dei den kjende ljod: «Skviiiiiiiik.»

Skviket sklei over i eit skvæk; det nyanserte knirkeljodbiletet blei etterfølgd av eit dunk, og så klatra eg opp på loftet og trykte på ljosbrytaren. Krokrygga kraup eg rundt blant banankasser, gamle skulesekkar, nedstøva spelkonsollar, lysbildeframvisarar, skisko, liggjeunderlag, ja, alt kva hjartet kan attrå. Eg kom djupare inn mot sørsida, og sidan skråtaket var der, kunne eg ikkje lenger trå; eg måtte falle på mine kne. Det var påske. I grunn likar eg å gå ned på kne. Eg har ingenting imot å krype. Eg lyt berre bøye meg i støvet og be om orsaking for at det tok meg så lang tid å skrive ferdig denne kritikken av «Dark Forces Remaster», som altså kom ut tre-fire veker før påske.

Sanneleg min hutt fann eg ikkje PC Power Platinum Awards Volume 4 frå 1996. I omtale av «Dark Forces», som fekk 31. plass på deira liste over «the top 100 games of all time», står det skrive: «Well I guess even the most industrious guard has to go now and again.»

 

Ned i kloakken

Ifølgje ho mor var det altså i 1997 vi var innom bensinstasjonen i Fræna, og dersom dette er sant, var det først i 1997 at eg først fekk spele andre brett i Dark Forces. Og deretter, tredje brett.

Å Jabba the hutte meg tu, tredje brett var litt av ein tripp.

Ein vassa i kloakken, forferdelege blekksprutliknande udyr med hoggtenner og intense blikk dukka opp frå dritten og hylte grufulle hyl, prinsesse amygdala i hjernen min pumpa adrenalinet ekstra hardt inn i blodet og eg blei tatt av kloakkstrømmen og rutsja gjennom rør lik den reinaste berg-og-dal-bane av utanomjordisk bæsj og tiss. Dette spelet er good shit, ass.

I tredje brett i «Dark Forces» (og «Dark Forces Remaster») kryp ein altså rundt i kloakken. Ein vassar i tiss og drit. Dess djupare ned i dritten ein kjem, dess mørkare blir det. Då hjelp det å ha batteri i hovudlykta.

Ei av nyvinningane i «Dark Forces» var at ein hadde hovudlykt og all slags nyttig utstyr inventaret i tillegg til mordvåpen. Eg skulle ha gjort inventar av greiene eg har oppå loftet, for dette tar tid. Eg ber om orsaking for at det tok så lang tid å finne PC Power Platinum Awards oppå mørkeloftet. Batteriet i hovudlykta song på siste verset, og eg måtte fikle med henne støtt og stadig, lik det reinaste førstepersonskytespel.

Ein har ikkje gassmaske – enno – på tredjebrett i «Dark Forces», så ein må berre tenkje seg til kor det stinkar. Ein mangefassettert odør av sikkert kanskje bantha-poo-doo-gardsdyr og kven-veit-kva slags dritt, lort, møkk og piss og tiss. I ein galakse langt borte. For lenge sidan.

Sånn er livet. Plutseleg står ein der til knes i dritten. Ein vassar av garde i livets kloakkstraum. Dao my ass, lizzm. Viss Lao Tze Dung hadde vore i live i vår tid, ville han snudd seg sjølv i grava.

Sanneleg, ein kan ikkje krysse den same elva av tiss og drit to gonger – og, som Terence McKenna påpeikte, betyr det at ein ein gong ikkje kan krysse den same kloakkelva ein einaste gong.

Medan du står opp til halsen i møkk og strevar og heile verda ser ut til å gå i dass – ikkje ulikt galaksen langt unna for lenge sidan er det krig og elende og undertrykking og imperialisme i bøtter og spann her i galaksen i vår tid – og du druknar i ei seig myr av din eigen og dei rundt deg og små- og storpolitikken sin drit og lort og bæsj og urin og brukte kondomar og våtserviettar med plastikk og fuglane veit kva, utan batteri i hovudlykta, stikk vonde auge på stilk opp og overvakar deg, dei veit kvar du er, og når du minst ventar det spring eit tentakkelmonstrum med giftige hoggtenner opp frå under kloakkoverflata og gnafsar til seg ein bit av trynet ditt.

Sanneleg, tredje brett i «Dark Forces» er ein treffande, bitande skarp metafor for livet sjølv. Ein analogi over ekskristensen i eigen høge person.


MIDIchlorianmangel

«Dark Forces» startar, i sann «Star Wars»-tradisjon, med rulletekst i gult relieff mot æva som set konteksten for soga vi skal få høyre – eller, i dette tilfellet, spele. Gule bokstavar formar ord som formar setningar som informerer at masseøydeleggingsvåpenet «The Death Star» har kraft til å øydeleggje ein heil planet. Overføringsverdien er allereie openberr, for i likskap med denne fjerne galaksen for lang tid sidan, er det krig her på Jordi nett no; mørke krefter er i sving både her og både der.

Slik det alltid er, spelast John Williams’ «Star Wars»-tema medan den gule teksten i relieff mot æva forsvinn inn i ei bortimot endelaus reise ut i tomrommet.

Allereie her synleggjerast det største problemet med «Dark Forces Remaster»: Musikken.

Eg sneia innom temaet kakofoni og hoppande CD-musikk tidligare: Visste du at kakofoni kjem frå den protoindoeuropeiske rota kakka, «å defekere, ha avføring, trykke ut drit frå endetarmen»?

«Dark Forces Remaster» er eit produkt med sjokkerande elendig midi-timing. Det humpar og går med «interessant» rytmikk. Molde Janitsjar spelar «Star Wars»-temaet langt betre. Det er sørgjeleg, for det å lytte til den vakre musikken i «Dark Forces» i naturskjønn MIDI er eigentleg ei forvitneleg oppleving. Ah, ja, det er som balsam for øyrene.

Apropos timing: Ting Tar Tid, som Piet Hein, dansk poet og møbeldesignar, skreiv. Blant desse tinga er tydelegvis det å skrive ferdig denne kritikken.


Skriv inn juksekodane LAREDLITE for å fryse fiendane, LABUG for å krype som eit insekt, LARANDY for å aktivere "supercharge". Kikk oppover, deng i veg, slå av fryste fiendar og sjå imperialistane flyge.

Ingen remaster Yoda

Det verste i «Remaster» er musikken. Det er skuffande at det skal vere slik; sidan ei av «forbetringane» er at ein kan velje mellom «General MIDI»- og «OPL»-lydbankar. Sistnemnde skal vere ein emulasjon av Rolands klassiske heismusikkmodul, SoundCanvas-55.

Eg har sjølvsagt ein ekte SC-55-modul, og lyden er så ven og vakker. I «Dark Forces Remaster» læt musikken dritt.

Ellers fungerer det meste greitt, men «Dark Forces Remaster» gjer lite som entusiastkonverteringa av originalen «The Force Engine» ikkje gjer og gjer betre – det er berre å køyre sin kopi på CD eller frå Steam eller GOG eller noko gjennom fan-motoren, som er gratis, og så får ein spele spelet med moderne kontrollar og oppløysing og det heile. Ein kan tilogmed bruke kva MIDI-soundfont som helst.

Ein må sjølvsagt ha ein PC, då. For konsollspelaren er det berre å hoppe i «Dark Forces Remaster». Konsollalternativet er den hakkete PSX-konverteringa frå 1996, og den tilrådast ikkje. Sjølv om den versjonen ikkje har problemet med MIDI-timing. Få berre ikkje hakk i plata.

Medan eg, sett bort ifrå MIDI-timinga, hadde ei god oppleving med PS5-versjonen, erfarte eg ein del uforklarte hard crashes i «Dark Forces Remaster» på PC. «The Force Engine» køyrer på si side av krafta stabilt, og medan ekstramaterialet i remasteren er kjekt nok, er det ikkje nok av det til at det er verdt å bruke over tre hundre spenn når fanmotoren gjer jobben. Betre. Eg for min del føretrekk no noko så definitivt dei gamle videosekvensane òg. Dei står i stil med sjølve spelet, og er stygge på den gode måten. I dei «forbetra» cutscenesene ser Kyle Katarn og resten av gjengen ut som kjøttbollar i trynet.

Og Jabba the Hutt manglar subtitles. Kan du huttesisk, kanskje? Det kan ikkje eg. Det ekstra brettet som blei kutta er no greitt nok, men eg forstår godt at det blei kutta. Level designet er heilt usedvanleg latterleg bra i «Dark Forces», altså.


TIDIDI

Så kva har «Dark Forces», dette nesten tre tiår gamle spelet å melde om tida vi lev i? Kva har hendt med den torturerte og gjennomtraumatiserte Ewoken som står lenkja fast i eit av dei hemmelegste av hemmelege rom?

Det må du nesten finne ut av sjølv.

Grunnen til at det tok så lang tid å skrive ferdig denne meldinga er at eg har leita langt og lenge oppe på mørkeloftet etter eit anna spelblad frå same æra, det der fann eg koden for å generere eit heilt flatt brett med alien-tema i «Worms». Eg fann det ikkje, men eg hugsar kva koden er:

«TISSOGDRIT».

«LATERMINATE» og «LAOZ» fungerer ikkje i «Dark Forces Remaster».

Fantafly polyhedral terningkast 4 til remasteren, 6 til «Dark Forces»

Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3