(PressFire.no): «Trover Saves the Universe» startar idet du trer på deg VR-headset (eller ikkje, for spelet er òg spelbart på venleg skjerm) og inn i rolla som stasjonær stolslitar av ætta Chairopian midt under ein marerittaktig visjon der det gigantiske, blå-grøne nebbmonsteret Glorkon kidnappar dine to søte små bikkjer og stappar dei inn i augehola sine.

Universet Trover – det er ikkje deg, men det kjem vi snart tilbake til – lyt redde er nemleg eit der blikket står i fokus og tilkopling av brunauge til synsnerve gir formidabel kraft.

Du bråvaknar i godstolen heime i stua, akkurat i tide til nyaste episode av såpeoperaen «As The Chair Turns». Uansett om opningsscena var eit profetisk syn eller post-traumatisk mareritt, så er kjæledyra dine no borte og du har forskansa deg i heimen, for dine medborgarar hatar deg.

Du var allereie gjenstand for antipati av di du er ein forakteleg hundeeigar som, trass at Chairorpia-kulturen har fått bukt med all gåing, insisterer på å halde desse gufne, vandrande, firbeinte skapningane som kjæledyr, og no har denne nebbete kvartguden dertil tileigna seg enorm, destruktiv kraft på grunn av deg, du din ekle, dumme, lille drit av ein beinelskar.

Slik nid mot deg står på trykk på framsida av dagens avis, din stupide bit av skit. Heile driten er forpult, og du blir kalla ein drit mangfaldige gonger berre i løpet av dei første minutta av spelet. Dersom du synest alt dette skitsnakket høyrast påtrengjande og teit ut er du inne på noko, for «Trover Saves the Universe» er ein absurd komedie tufta på å handsame intenst masete teitskap en masse på glupt vis, og innan slutten av spelet vil du ha blitt utsett for det som truleg er den lengste samanhengande deklamasjonen om piss og drit i menneskeheita si historie.

Kan hende høyrest ikkje det så glupt og gøy ut, men som Trovers nemesis Gail proklamerer under ein bossfight: «And Trover peed in the goddamn sink and I peed in people's mouths cause I'm a fucking... I'm a fucking person of integrity and fuck all of this shit. And if someone were to take that last quote and put it in print it wouldn't read as funny as it did when I said it out loud. But I dont care because there is no journalist around.»

Uansett. Dersom du synest dette høyrest for teit ut, kan det mogelegvis tenkjast at «Trover Saves the Universe» ikkje er spelet for deg, for det speler høgt spel med det absurde, perverse og surrealistiske, proppfullt av vill og uhemma bannskap og det som verre er. Dette passar ikkje for barn. («Alright don't tell your parents», lyd kommentaren når du vel Mature og ikkje Censored ved starten av spelet.)

 

Perpetuum immobile

Det er tale om eit action-plattform-sexleiketøy-men-eigentleg-i-essens-eventyrspel designa av Justin Roiland, som saman med komikar-kollega Dan Harmon står bak teiknefilmserien for vaksne kalla «Rick & Mort. Der har Roiland gitt stemme både til den alkoholiserte, rapande, nihilistiske og geniale vitskapsmannen Rick og det naive barnebarnet Morty. Om du synest «Rick & Morty» er for masete er, nok ein gong, dette neppe noko for deg, for det er det intense skrålet som gjer denne dunkle, fargesprakande komedien av eit spel til det meisterverket det er.

Medan det er mogeleg å skunde seg gjennom spelet på ein tre-fire timar, er slikt hastverk ikkje tilrådeleg. Dette er eit spel der passivitet og inaktivitet ofte løner seg – din rollefigur sit trass alt permanent tilbakeleint i godstolen – for det er det enorme detaljnivået og dei over tjue timane med pølsesnakk som er rosina i dette forvitnelege pølsevevet.

Så der sit du altså, i starten av spelet, traumatisert og sanndrøymd, lys vaken og immobil (i Chairopia er fotgjengeri og annan beinbruk beint fram forbode ved lov) heime i stova, framom TV-apparatet, med eit Dualshock 4-liknande apparat mellom nevane. Trover tøvar med talrike TV-spel-tropar, og først ute er eit vanvitig harselas med fenomenet kalla in-game tutorial. På TV-apparatet går altså siste episode av såpeoperaen «As The Chair Turns», der eit Chairopian-par er engasjert i ein pasjonert ekteskapeleg krangel kring det å snu stolen rundt med høgre tommelstikke og å interagere med ting med interaksjonsknappen. Munnhoggeriet held fram heilt til du har gjennomført nettopp desse handlingane.

Etter at denne intense, pedagogiske såpeoperaen har gått inn i ei langvarig, dramatisk stirekonkurransescene, bankar det på døra, og inn brasar den titulære Trover, eit lilla augeholemonster på oppdrag for etterretningstenesta ICJ (Important Cosmic Jobs).

Han har reist langt og lenger enn langt for å finne deg og er sliten, så han skvisar ut ein baby frå augehola si og overfører den vesle skapningen til handkontrollen din. Kvikendet set seg vel til rette, og Trover proklamerer at han har blitt ein slags fjernstyrt karakter.

 

Å VR eller ikkje VR

Vel har du tatt kontroll over ekstremitetane hans, men truten til Trover går like fullt av seg sjølv med ekstrem intensitet. Han instruerer deg om å røre deg og din stol rundt i verda via warp nodes, lysande punkt som du kan teleportere til når du styrer Trover borti dei.

Denne mobilitetsmekanikken er skreddarsydd for VR, men fungerer likevel overraskande godt på vanleg skjerm. Snart, med mindre du går tilbake til huset ditt for å sjå meir TV – det er nemleg slikt du kan ta deg til i dette spelet – lærer du korleis du kan hoppe, svare på etisk utfordrande ja-nei-spørsmål, denge laus med lyssverd og reise kring i kosmos ved hjelp av Trovers teleporteringsboks, og smått om senn møter du rollefigurar som gjer deg stoloppgraderingar ved å spytte i deg i åsynet.

Slik kjem du til å lære blikkfanging og augekasting, og til slutt kan blikk drepe. Det er dermed duka for nokre intense kombinerte pusle- og kampsekvensar som krev relativt kompleks koordinasjon av Trover og Chairopianen sine evner.

VR-speling kan vere blant dei meir asosiale mediekonsumpsjonsmetodane som finst. Ein er gjerne i ei slags tilstand av sanseberøving der ein sit på silkemjuke puter og glanar inn stereoskopiske representasjonar av fantasiverder med hovudtelefonar over øyro. Men i her er det samarbeid som sit i høgsetet, og slik sett kan det nærast sjåast som eit samarbeidsspel i einspelarmodus.

Du styrer i same stund både Chairorpian og Trover, og det er underleg å oppleve korleis spelet, trass at det gjeng føre seg i utprega røyndomsfjerne omgjevnader, syg deg inn på overtydande vis ved å adressere deg direkte.

Perspektivet her er snurrig til nærast psykedelisk effekt, og omgrepet andrepersons plattformspel, som har blitt brukt av ein del meldarar, kjenst ikkje dekkjande. Kan hende kan ein heller seie at dette er eit spel i inkluderande førstepersonsperspektiv, der nøkkelordet er «vi» – meg, dei og du; Trover, Chairorpian og deg sjølv.

Justin Roiland er ein ihuga VR-entusiast, og spelet er, som namnet TroVeR hintar om, designa primært med den virtuelle røynda i tankane. Underteikna spelte først gjennom på skjerm og deretter i VR. Eg storkoste meg framom den tradisjonelle skjermen, men kan med dette melde at enkelte delar av spelmekanikken – særleg når det kjem til å kombinere Trovers kampevner med Chairorpianen sine blikkfang-evner – fungerer på meir flytande og intuitivt, mindre handkontrollakrobatikkrevjande vis i VR. V

Vidare er nedsenkinga i Trovers psykedeliske teiknefilmunivers – her vitjar ein til dømes den (litt) «Mario»-aktige soppverda Shroomia World og den eksistensialistiske, Cronenberg-aktige Flesh World, der kroppen viser seg å vere eit fengsel – naturlegvis meir verknadsfull i VR.

Misforstå meg ikkje: «Trover Saves the Universe» er ein unik komedie av eit spel som er solid på skjerm, og ikkje-eksklusivitet er eit generøst og inkluderande tiltak for VR-lause og VR-intolerante likeeins. Men i VR når dette svarthumoristiske, perverterte, surrealistiske og absurdistiske action-adventure-spelet eit skyhøgt nivå.

 

Alvorleg useriøst

Adventure tydde i riktig gamle dagar «det som hender ved tilfelle, hell og slumpetreff», og Roiland har ein unik komisk stil som i stor grad baserer seg på improvisasjon og omfamning av «feil». Den som har sett «Rick & Morty» vil her til dømes kjenne att den særeigne måten stemmeskodespelarane si snøvling og snubling blir inkludert og animert.

Her gjer han ein vanvitig innsats i rolla som 14 av dei 35 karakterane, og har dertil med seg eit stjernelag av komisk talent: Til dømes gjer Rich Fulcher (kjend frå TV-seriane «Mighty Boosh» og «Snuff Box») og standupkomikaren Mary Mack durabeleg innsats i rasande festlege roller som høvesvis den matglade Fat Little Jerk og den lugubre Doopie Dooper.

Har du lest så langt som dette treng du kan hende ikkje overtydast, men dette er likevel avsnittet der underteikna dreg fram det tunge sitat-skytset i humoren og frivoliteten sitt forsvar. Eg minst at Einar Guldvog Staalesen på P2 sitt filmprogram «Mørkets Opplevelser» ein gong sa noko sånt som at «humor er noko av det alvorligaste som finst».

Det er så sant som det er sagt, og Duckman sa det òg, i TV-serien «Duckman» (1994–1997), som var blant dei første teiknefilmseriane for vaksne eg fekk sjå som barn, den gong då NRK2 enno kjendest som eit motkulturelt prosjekt: «Comedy should provoke. It should blast through prejudices. Challenge preconceptions. Comedy should always leave you different than when it found you. [...] Demand to be challenged, to be offended, to be treated like thinking, reasoning adults. And raise your children to be the same.».

V. Vale skriv i «ReSearch: Pranks 2» (2006): «Resistance is ultimately dispiriting unless we can also have fun. 'The society that has abolished adventure makes its own abolishing the only adventure' [Situationist slogan].» Vidare definerer Vale ein skøyarstrek som «any humorous deeds, propaganda, sound bites, visual bites, performances and creative projects which pierce the veil of illusion and tell 'the truth'.».

Og i ein harmoniserande melodi syng filosof og utforskar av det annanverdslege, Terence McKenna: «The Surrealists saw the pun as a way of opening the crack between the worlds, and it would be a great challenge for artists to do this.»

Så sanneleg, og rakkaren Justin Roiland og hans team i Squanch Games har klart det. «Trover Saves the Universe» er eit skøyaraktig adventure-spel som viskar ut grensene og inkluderer deg i si surrealistiske verd. Det køddar med både spelar og spelkonvensjonar, og ofte går det aktivt inn for å latterleggjere deg – ein speler trass alt rolla som slapp heimesitjar, og komplettisten vil oppleve å bli gjort til sluttpoenget i eit vanvittig fornærmande praktisk ordspel.

Din rollefigur blir titt og ofte utsett for hatefulle ytringar, gjerne supplert med eit «sorry for being spacist». Når ein speler VR-versjonen blir blikket til mekanikk, og sakte, men sikkert blir det synleggjort at tematikken som er gjenstand for kritikk i «Trover Saves the Universe» er det fordomsfulle, intolerante og xenofobiske blikket.

«Rick & Morty» har stundom vore plaga av at ein liten, men høglydt del av fanbasen er av det giftige, Trump-elskande alt-right-slaget, og for eit års tid sidan blei Roilands kollega Dan Harmon utsett for eit stygt, 4-chan-koordinert memetisk svartmagi-/marknadsførings-åtak som hemn for at han hadde fornærma sine forkvakla såkalla fanboys ved å kritisere president-Donald på podcasten sin. Skylappar er ikkje sjeldan vare i den politiske leiren der, men spelaren skal ha svært slitesterke skylappar for å klare å oversjå at meldinga i «Trover» omhandlar samhald, toleranse og inkludering.

 

Ingen grunn for denne meldaren å sitje på gjerdet lenger: Dette er ei så godt som perfekt VR-oppleving som eg har vore besett av det i fleire veker no, og det er ikkje til å skyve under ein stol at det i grunn ikkje hender så ofte. Stol på meg, dette blir kan hende årets spel for denne kritikaren.

Kjem det noko eg set høgare enn som så, så kan du kalle meg ein krakk. Greitt, så er det kan hende ikkje for absolutt alle – dersom du ikkje har sans for humoren eller får hovudpine av ustanseleg tullprat er dette neppe noko for deg, sjekk ut nokre trailerar og sjå korleis det kjenst – men eit kreativt verk skal vurderast på sine eigne kriterium. Og for oss som har sansen for den beksvarte, absurdistiske og gjennomført perverse komikken, er den einaste kritikken eg har at det gjerne kunne vart lenger.

OBS! Men giss kva! Det er gratis nedlastbart innhold på veg.

«Trover Saves the Universe» er ute til PS4 (testet) og Windows.

Annonse

Kommentarer