(PressFire.no): Medan ein mosaikk er ein dekorasjon eller bilete samansett av fleirfaldige farga fragment, eller, metaforisk eller biletleg sett, ei brokete samansetning, er «Mosaic» – det norske spelstudioet Krillbite sitt nye eventyrspel – sett til eit fargelaust samfunn folkesett av konforme arbeidstakarar med utviska andletstrekk. Ein av desse er deg. Du er tilsett i Mosaic Corporation, megakonsernet som dominerer denne seinkapitalistiske dystopien, og «Mosaic» handlar om å bryte med den daglege tralten og å kome for seint på jobb.

Spelet har mykje til felles med kultklassikaren «Every Day The Same Dream», eit kort nettlesarbasert spel frå 2009 om «framandgjering og å motstå arbeidslivet» der du vaknar, slår av alarmen på klokkeradioen, tar på deg dressen, hoppar over frukosten («du er sein», som kona di seier), tar heisen ned til gateplan, køyrer til jobb i rushtida, blir irettesett («du er sein», som sjefen seier), hastar av garde til kontorlandskapsbåsen din, vaknar, skrur av alarmen, tar på deg dressen... Og så vidare, heilt til du byrjar å høyre på den kloke dama i heisen sine råd og bryt ut or rutinane, til dømes ved å gå til venstre i staden for høgre for å kome i kontakt med heimlause og dyr.

 

Tannhjulet med slips

I «Mosaic» vaknar du, justerer slipset, tar heisen, går på jobb; du vaknar, justerer slipset, samtalar med ein flygande gullfisk, tar heisen... Og ved å bryte ut or rutinane, til dømes gå til venstre i staden for høgre for å kome i kontakt med heimlause og dyr, gjennomgår spelarkarakteren ei oppvakning utløyst av ein serie hendingar som inspirerer til omvelting av eit undertrykkande, umenneskeleggjerande system.

Men ein sentral ingrediens som gjer «Mosaic» til noko meir enn ei tre-fire timar lang modernisering og utbrodering av idéen bak den ti år gamle, ti minutt lange travelheits-tristessen, er eit fenomen som enno ikkje hadde blitt endemisk for eit tiår sidan, nemleg smarttelefonavhengnad.

 

Appeteppe

Logoen til arbeidsgivaren din, Mosaic Corporation, er ei kube, og spelet startar midt i eit mareritt der denne boksen er i ferd med å sluke deg, bure deg inne, baste og binde, forme og trengje inn i deg. Så ringer alarmen på smarttelefonen din, og som så mange av oss gjer i røynda sjølv om vi veit at det er usunt, startar du dagen med å stirre og tafse på skjermen på sengekanten.

Du mottek meldingar (oftast åtvaringar om oppseiing og effektiviseringsråd frå Mosaic Corporation), les nyhende, sjekkar den sørgjelege tilstanden på bankkontoen og speler «BlipBlop», ei raffinering av tankelause mobilspel ned til den reinaste, dopaminutløysande essens.

Etter kvart som du utforskar den reklameovergrodde betongjungelen, får du tilgjenge til fleire appar, og eg lyt her påpeike ein sentral teknisk detalj: «Mosai»c fungerer langt, langt betre med handkontroll enn med mus. Med handkontroll tilet spelet deg å spasere og palpere telefonen på same tid, nett slik så mange av oss har for uvane å gjere i røynda. Det er tale om ein type multitasking som minner om ein av dei mest minneverdige sekvensane i «What Remains Of Edith Finch», eit spel som den mangefasetterte forteljingsteknikken i «Mosaic» har ein heil del til felles med: nemleg den der ein jobbar på fiskemottak med høgrestikka samstundes som ein utforskar ei episk fantasiverd med venstre tommel.

Spelar ein med mus, derimot, lyt ein stå stille når ein blippar blops, sveipar gjennom profilar i den tvungent heteronormative datingappen «Love», tapar pengar i BlipCoin-appen og fyller medvitet med siste sponsor-betalte innhald i nettavisa. Kvifor det ikkje har blitt implementert tastaturkontrollar må fuglane vite, og korleis trykkskjermversjonen fungerer kan eg ikkje seie noko om, sidan Apple sin planetdestruerande planned obsolescence-forretningsmodell hindra meg i å få testa spelet på iOS-apparatet eg hadde tilgjenge til. («A Love Letter to Corporations – Mosaic Has Launched on Apple Arcade», som pressemeldinga på mosaic.biz, nettstaden til både spelet og det fiktive selskapet Mosaic Corporation, seier med sjølvbevisst ironi.)

Apropos mobilen din i røynda: «BlipBlop» finst faktisk til ditt faktiske Android- eller iOS-apparat, og trass sin minimalistiske, parodiske tomheit, er det faktisk tale om eit ekkelt vanedannande mobilspel som syner kor manipulerbart menneskesinnet er – det er ikkje tilrådeleg å installere denne appen, med mindre ein skulle ha behov for å kaste bort tida si på nærast imponerande innhaldslaus kvasi-underhalding. Oi, som tida flyg når ein blippar blops, og medan du tappar på skjermen dukkar det stundom opp reklamebanner som leier deg til den nemnde nettstaden, mosaiccorp.biz, der du kan lese om Mosaic Corporation sine produkt og visjonar, søkje jobb og fylle ut vurderingsskjema for tilsette.

«Mosaic» sitt univers, som allereie er skummelt likt samfunnet vi lev i, sklir over i røynda på underleg satirisk vis.

Nok om den fysiske verda og tilbake til spelet: For kvar dag som går, tar du stadig lengre og meir surrealistiske omvegar til arbeidsplassen og gjennomlev den eine hallusinatoriske visjonen etter den andre, men jobben lyt du uansett gjere. Arbeidsoppgåvene dine finn stad inne i enno eit meiningslaust minispel, der du lyt lappe saman eit nettverk av noder for å levere abstrakte ressursar til dagens milestein. For kvar dag som går blir det gradvis vanskelegare – og det kjenst stadig meir meiningslaust – å nå målet. Det er nok til å få ein stakkar til å gå i frø.

 

(Anti)kapitalistisk (u)realisme

Omgrepet capitalist realism – eller kapitalistisk realisme – blei først brukt av ei gruppe tyske kunstnarar (deriblant dei kjente malarane Sigmar Polke og Gerhard Richter) på 1960-talet for å drive harselas med den idealiserte kunstretninga sosialistisk realisme og den vesttyske konsum- og fritidsorienterte livsstilen. I 2009 kom filosofen og kulturkritikaren Mark Fisher (1968–2017) ut med boka «Capitalist Realism: Is There No Alternative?», der det same omgrepet brukast til å beskrive eit fenomen som pregar vestleg tankegang i dag, nemleg at det er «enklare å førestille seg verda sin undergang enn enden på kapitalismen.» 

Lik ein ungdomsvenleg «Black Mirror»-episode, er Mosaic ein svart komedie for folk på 12 og oppover (ifølgje PEGI-aldersgrensa), samstundes som det er spekka med mang ein skarpsindig, satirisk detalj som vaksne spelarar kan kose seg med. Spelet går føre seg i ein dystopi som er framskrive frå stoda den dag i dag, og framstår – trass den barnebokaktige visuelle stilen – som ein treffande karikatur av eksistensen under seinkapitalismen.

Men sjølv om store delar av samfunnet «Mosaic» portretterer er sørgjeleg realistisk – naboar orkar ikkje å sjå kvarandre i augo, nyhendeartiklar avbrytast abrupt av betalingsmurar, redaksjonell marknadsføring er kamuflert inn i nyhendestraumen – er det ikkje tale om eit kapitalismerealistisk produkt. Når alt kjem til alt, fortel «Mosaic» faktisk ei håpefull soge om motstand, medmenneskelegdom og omvelting.

Den revulosjonære handlinga under klimakset i «Mosaic» kan ikkje akkurat kallast realistisk – snarare er ho beint fram fullstendig usannsynleg – og det er enkelt for dei av oss som har gitt oss over til kynisme og svartsyn å avfeie den dramatiske finaleakta som håplaust naiv og sukkersøtt idealistisk.

Men det er nettopp denne refleksive intellektuelle reaksjonen som kjenneteiknar den kapitalismerealistiske tilstanden: Vi kan ikkje ein gong byrje å sjå for oss eit alternativ til dette vanvitige systemet, som baserer seg på umogeleg, ustanseleg vekst, sender stadig fleire inn i mental sjukdom og destruerer vår felles biotop for å tene pengar. 

Det som inspirerer spelarkarakteren til å reise seg opp frå pulten og yte motstand, er ein serie møter med dyr og gatemusikantar – frie (kunstnar)sjeler – som hjelper ham med å sjå verda i nytt ljos, i klårare fargar, frå nye perspektiv. Og det er jo faktisk heilt riktig at møter med kunst og natur kan ha nettopp slik medvitsutvidande effekt. 


«Som kapitalismen sin heiagjeng kaklar utan ende, har ikkje antikapitalistar så langt vore i stand til å artikulere eit samanhengande alternativ», skriv Mark Fisher i forordet til antologien «Economic Science Fictions» (red. William Davies, 2018). Men, fortset han, «det er ikkje ein enkelt totalvisjon som trengs, men eit mangfald av alternative perspektiv, kvart enkelt med potensiale til å opne ei glipe inn til ei anna verd.»

«Mosaic» og Krillbite fortener applaus for å opne ei aldri så lita slik sprekk. Og kva gjer det vel om den utopiske visjonen vi får eit glimt av inkluderer kattar som likar shoegaze-inspirert jazzmusikk? 

«Mosaic» er ute til Apple-dingser og Windows, Linux og Mac, mens versjon PS4, XBox One, Switch er planlagt for tidlig 2020. 

Annonse

Kommentarer

På forsiden nå

top-article

Har du «Tetris» på mobilen?

Om det er laget av EA bør du lese dette.

Les mer

Nintendo vant forbrukerrettsaken mot Norge og Tyskland

Søksmålet om forhåndsbestillinger av spill på Switch forkastet. Anken kan ta halvannet år.

Les mer