Eastshade

Annleis, lekkert og levande.

(PressFire.no): Då eg var ung, var verda lita. Eg kjende heile nabolaget som mi eiga bukselomme, alle dei små stiane, trea, vegane gjennom hekkane og gjerda eg kunne krype under. Verda var liten den gongen, men eg kjende heile.

Dette er kjensla «Eastshade» klarar å bringe fram når den namnlause spelarfiguren strandar på ei fortryllande mystisk og framand øy med namnet Eastshade, væpna med lite meir enn staffeliet og den trufaste penselen sin.

Lite hadde eg for ti år sidan tenkt at spela i dag skulle handle om å snekre lerret, male på dei og digge det.

Du vaknar på eit skip på veg til eit framand land.  Resten av mannskapet er snakkande, antropomorfiske dyr på to bein. Ein blir allereie her nysgjerrig på kva som går an i denne verda. Ein veit lite om kven ein spelar som. Det er like greitt, fordi det i botn og grunn betyr ingenting for det hen gir seg ut på. Det gjer det òg enklare for nettopp deg som spelar å vere hovudrolla i spelet, noko spelet heile vegen jobbar hardt for å oppnå.

I Eastshade er du ingen helt – du er ein turist som blir møtt- og møter eit framand land med framande auge. 

Verda kan vente

Spelet består i all hovudsak av tre aktivitetar; navigasjon, dialog og maling. Det handlar stort sett om å hjelpe dei lokale innbyggjarane med ulike gjeremål. For eksempel kan du bli sendt ut for å male eit maleri av ei strand. Du har verken GPS eller oppdragsmarkørar, og med mindre du er heldig og snublar over eit kart, må du hugse kvar du sist såg ei strand.

Navigasjon etter landemerke og himmelretning blir såleis eit heilt sentralt element. Du veit du må forbi det store treet, opp vegen, passere i passet til høgre for vertshuset på haugen. Der frå kan du skimte havet. Då er ikkje stranda langt unna. Når du er framme får du høve til å komponere eit maleri for mottakaren.

Det einaste som betyr noko er at du har eit lerret, at du har nok inspiration (som du samlar ved å oppdage nye stader og drikke jazz-te (sjå «jazztobakk»)) og at stranda er med i maleriet. Du kan så spasere tilbake til venen din og bytte maleriet i tenester og varer som gjer utfluktene enklare. 

På toppen av denne basis-loopen finns system som lesing av bøker, hausting, bygging, brygging og fisking, som alle bidrar til å skape eit avslappa univers der du som spelar bestemmer tempo og kan melde seg ut, slappe av og berre følgje eigne impulsar. Dette er òg noko verda inviterer til når ein på sine lange turar i skogen titt og ofte passerer små familiar og nyforelska par på piknik.

Du spaserer som regel ut med eit mål og ender opp i ei endelaus flow-aktig rekke engasjerande avsporingar. Maleria og rollefigurane driv deg framover. Av og til snublar ein over bøker med lokale eventyr eller andre interessante fakta, som seinare kan bli nyttig i oppdrag. Ein må hugse denne informasjonen, noko som lønner utforsking og nysgjerrigheit. 

Sjarmerande og levande verd

Den utvilsamt største stjerna i «Eastshade» er spelverda sjølv; perla i havet med endelause enger, tette skogar, høge fjell, sjarmerande innbyggjarar og inspirerande kultur. Heile vegen frå dei første bekymra minutta på øya fram til avskjeden før rulleteksten trillar over skjermen, er det lett å knyte sterke band til den levande naturen og det unike rollegalleriet.

Sjølv om verda ikkje er enorm, så er den spekka med innhald. Her slår den evige-relevante anekdoten inn; det er betre med ei lita tettpakka verd enn ei stor utan innhald. Friske fargar og eit bevisst forhold til lys og skugge, samt ein særeigen natt- og dagsyklus er alle med på å trekke spelaren inn.

Rollefigurane er svært lite arketypiske, og du finn nevrotiske reinsdyrfolk, apefolk i rullestol, jenteuglefolk som likar jenteuglefolk og gutebjørnefolk som likar gutebjørnefolk (dei kallar seg owl folk, deer folk osv. sjølv altså). Forfattarane bak spelet har gjort ein formidabel jobb med dialogen. All tekst er overtydande skrive, ikkje for deg som spelar, men for spelarfiguren som turist, utan kunstig utbrodering – eit forfriskande element i ein sjanger der ein ofte blir sultefôra på det jordnære.

Det usedvanleg kloke «topic»-systemet er spesielt verd å nemne; tidleg i spelet såg eg eit tårn som sto aleine på eit nes. Eg bevegde meg bort til det, så fekk eg eit lite varsel, heilt utan filmsnuttar eller kunstige pausar, om at eg hadde oppdaga eit nytt «topic». Det etterletne tårnet blei deretter noko eg kunne spørje andre innbyggjarar om. Kvar innbyggjar hadde deretter skreddarsydde responsar på spørsmål om tårnet, som ofte fortalte vel så mykje om figuren sjølv som om det eg spurde om.

Det normaliserte mangfaldet av personlegdom, aksentar, legning og rase er stappfullt av sjarm og det er ei spenning tilknytt kvart einaste nye vesen du møter. Den nokså fredfulle sameksistensen av ulike rasar er normaltilstanden i Eastshade.

Eastshade kjennest som eit framand land på alle dei riktige måtane, og du treng eit par dagar før du er heilt i takt med kva som betyr noko der, akkurat som når du, spelaren, på ekte reiser til eit framandt land.

Spelet har elles eit grunnleggjande godt menneske-/dyresyn, og i løpet av spelet var eg berre i éin einaste valdeleg konfrontasjon, noko eg trur kunne vore unngått om eg hadde spelt korta mine riktig. Det finns verken død eller fail states, alle turar er framgang, og verda er trygg. Eastshade er din østers, ein stad som kan kunsten å overraske deg positivt. Der tidlegare spel har lært deg at visse frampeik leiar til dystre ting, glimtar ofte «Eastshade» til ved å servere deg klisjear med uventa twistar.

Minimalistisk UI og nostalgi 

Spelutviklaren Eastshade Studios gjer fleire kloke val i det grafiske uttrykket for å understreke kjensla av det framande. Det dynamiske brukargrensesnittet visar seg ytst sjeldan, noko som fungerer godt saman med mangelen på GPS og kompass.

Dette er med å viske ut skiljet mellom verd og du som spelar. Sjølve fargane og dei arkitektoniske vala speler òg på nostalgiske strenger og kan ta spelaren tilbake til både «The Witness», «The Elder Scrolls IV: Oblivion», «Mount & Blade» og «World of Warcraft: Wrath of the Lich King».

Ein skjønar i tillegg fort at verda er designa med vakre motiv i tankane. Nesten uansett kor du snur deg finns det fotogene motiv som berre ventar på å bli fanga av penselen. Som hobbyfotograf skjønar ein at dette sjeldan skjer på ekte.

«Eastshade» har likevel nokre grafiske utfordringar. Det slit med optimaliseringa, og hadde nok difor hatt utbytte av ein breiare grafikkinnstillingsmeny. Når spelet har merkbare frame rate-drops burde ein ha fleire grafikkinnstillingar enn graphics quality og antialiasing. 

Ikkje berre gull og grøne skogar

Ingen reiser er perfekte, og undervegs i spelet snubla eg over eit par småting som vippa meg ut av opplevinga. Det var ingenting stort, men ting som er greitt å vite om.

Usynlege veggar over bruer, som opnar seg om du betalar tollen til ein hissig vakt, er ei svært enkel, og etter kvart gammaldags løysing for å hindre spelaren i å gå for fort fram. Det same gjeld nokre merkeleg plasserte usynlege veggar og buskas ute i terrenget. Dette kan av og til bryte kjensla av å ha verda for dine føter. Avsperra vegar er ubrukte høve til å fortelje noko interessant om verda. Ein kunne heller utbrodert om kvifor vegen var stengt, eller hatt faktiske, synlege gjerder som sa noko om verda.

På musikkfronten finns det òg forbetringspotensiale. Komposisjonane er på sitt beste minimalistiske og effektfulle, med enkle pianotonar som er med å understreke den eventyrlege, mållause og av og til einsame ferda du er ute på. Andre gonger kan musikken bli altfor intens og episk, noko som ikkje står i stil med den enkle, jordnære forteljinga i spelet. 

Menysystemet har eit par merkelege val, slik som mangelen på kontroll-oversikt. Eg slit frå tid til anna med venstre litlefinger, og er difor avhengig av å kunne toggle sprint. Det var ikkje noko eg visste eg kunne gjere før eit hint på lasteskjermen, tre timar inne i spelet, fortalte meg det. Slik informasjonsformidling er ofte vanskeleg.

Ein skal verken overvurdere eller undervurdere spelaren si evne til å finne ut av ting sjølv. Det er absolutt noko spelet klarar godt det meste av tida, men både mangelfulle menyar, og spesielt eitt oppdrag der det var så utydeleg kor eg skulle at eg måtte ty til walkthrough (noko eg helst skulle ha sloppe) bidrar til brot i opplevinga. Det hjelper heller ikkje på at ein av og til etter eit gjennomført oppdrag får hint om at det hadde fleire moglege utfall utan at du visste nok på førehand til å kunne ta eit informert val. Ein føler seg då litt lurt.

Elles har spelet nokre småbugs her og der, men dei er ikkje meir øydeleggjande enn i eit gjennomsnittleg Bethesda-spel.

Ukonvensjonell verdsbygging og eit fascinerande rollegalleri gjer «Eastshade» til eit spel eg ikkje nøler med å anbefale. Spesielt passar det nok meditative rollespeltilhengjarar, men ikkje forvent action, ikkje forvent eit storsllått eventyr. Du er trass alt berre ein turist som kan male.

Gjennom bøker, eventyr og høgst unike rollefigurer viskar utviklarane vekk skiljet mellom spelaren og ei verd full av liv, som ein heilt sidan starten skjønar at kjem til å overraske igjen og igjen. 

I løpet av dei kring ni timane det tok meg å spele gjennom «Eastshade», kjende eg barnleg utforskingstrengsel, nostalgi og augneblink som faktisk rørte meg til tårer over at ikkje vår eiga verd kan vere litt greiare. Heilt frå byrjinga til slutten kan ein kjenne kor mykje kjærleik utviklarane har lagd i designet. «Eastshade» kjennest som ein varm og god draum som går over når alt ein ynskjer er å sove litt lenger.

«Eastshade» er ute til pc.

Oppsummering
Positivt
Lekker og levande verd. Elskverdig karaktergalleri. Fangar kjensla av navigasjon på ein ukjend stad. Bryt vekk frå konvensjonen om fantasy som europeisk middelalder. Utfordrar forventninga om kva ein walking simulator kan vere. Innhaldsrikt. Sterk kjensle av fridom.
Negativt
Ulike moglegheiter i oppdrag er ikkje alltid like synleg. Nokre løysingar er litt kjappe, spesielt korleis spelet behandlar gating. Luggar litt i flyten. Noko mangelfulle menyar. Manglar kontrolloversikt.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3