Pokémon Sun / Moon

Beviser at formelen er glimrande.

(PressFire.no): Ikkje berre fordi det er ein spelserie som har eksistert i 20 år, og framleis er like populær. Ikkje berre fordi det har blitt ein merkevaresuksess til den grad at Pikachu har blitt ein slags nasjonalmaskot i Japan. Ikkje berre fordi det er eit grunnleggjande godt rollespelsystem med meir djupn enn auget først ser.

Det er spesielt fordi eg kunne ha spelt gjennom det nyaste av seriens spel – «Sun» og «Moon», den sjuande generasjonen – med den Bulbasauren eg plukka med meg frå det aller første Blue-spelet eg lånte av ein ven rundt tusenårsskiftet.

Klart, eg måtte ha hatt ei rekkje ulike maskiner og kablar, minst eitt spel frå kvar generasjon, og det hadde sikkert teke ein halv dag – om eg i det heile teke framleis hadde hatt lagringsfila frå den tida – men det hadde vore teknisk mogleg (i all fall til neste år når patchen til det nyaste spelet opnar denne moglegheita frå eldre generasjonar). 

 

Aloha, Alola!

Når vi no er inne i 2016, har spelet gått frå 90-talets 2D-grafikk til det vakraste vi nokosinne har sett av lommemonstra på den handhaldte skjermen. Det kjem med eit par nye frustrasjonar, funksjonar, gleder og hobbyar, men det viktigaste er framleis klart – «Pokémon» er framleis «Pokémon», og i bunn og grunn er dette det same spelet som fansen er vande til.

Du er på eit nytt kontinent – denne gongen sterkt Hawaii-inspirerte Alola. I starten av spelet får du valet mellom tre monster – vatn-, flamme- eller gras-baser. Tanken er å bruke denne og dei andre du fangar til å byggje eit balansert lag i «Pokémon»-verda sitt sirlege stein-saks-papir-system, med mål om å fange alle monstera som finst i verda rundt deg.

«Alle» byrjer kanskje å bli ein utopi, ettersom vi no teoretisk sett er oppe i 802 monster, men «Sun» og «Moon» sine rundt 100 ulike – nokre av hvis er oppdaterte versjonar av dei 151 første – er i alle fall oppnåeleg.

Som vanleg treng du tilgang båe spela, eller i det minste ein ven med eit anna spel enn deg, for å få alle. Samhandlinga med andre er eit av dei viktige poenga med serien frå starten av.

Litt er likevel forandra. I staden for åtte gymmar, er målet ditt ei rekkje utfordringar og kampar mot såkalla «totempokémon» i avgrensa parkområder, med påfølgjande stormeisterkampar mot kvar av dei fire øyene sine lokale hovdingar.

Attkjenneleg og innanfor spelets rammer, men likevel er dei ulike miljøa ei forfriskande endring frå det litt repeterande Elite Four-målet i dei førre spela – og her presentert som noko som verkar meir som ein tradisjon alle må gjennom for å bli vaksne.

 

Historia tek meir plass – på godt og vondt

I større grad enn tidlegare tek historia plass i spelopplevinga, dels hjulpe fram av at figurane er meir uttrykksfulle enn nokosinne. Du er ikkje berre «tilfeldig kvalpefeitt» i maskinmodus mot slutten av spelet, du er ein «nyinnflyttar til øyriket».

Tidleg i spelet møter du ei framand kvinne med noko som tilsynelatande er ein kosmisk Pokémon ho forsøker å skjule for andre som blir eit sentralt mysterium.

Historia er heilt ok, men er litt frustrerande i starten av spelet då spelet er veldig fokusert på å lære deg alt mogleg. Dei første to timane vert for ofte avbrote for å forklare deg ting, mest sannsynleg for å gjere det enklare for nykomarar til serien – etter dette får spelet betre flyt.

Eit av dei betre tilskota er derimot at «Sun» og «Moon» i større grad hjelper deg undervegs, utan å rykke deg ut av spelet. Det skadar framleis ikkje å ha ein app eller ei nettside ved sidan av spelinga om du ikkje hugsar alt – men no er kampar mot pokémon du har møtt før assistert ved at spelet poengterar kva angrep som er effektive eller ineffektive.

Borte er også Hidden Machines (HM)-tvangen, i staden erstatta av at du gjennom spelet får tilgang til innlånte pokémon med dei same evnene. Vil du flyge? Lån ein Charizard som tek deg dit du vil. Må du slå ned ein stein i vegen? Lån ein Tauros til å storme gjennom hindringar. På den eine sida er det litt melankolsk å «miste» den stadige justeringa ein måtte gjere på laget sitt for å sikre at ein kom seg gjennom verda – på den andre sida kjennest dette naturleg i verda, sjølvsagt bør lokale bedrifter i Alola ta seg av slikt. Sjå på Charizard som ein slags dyrisk Uber.

Som hobbyar og aktivitetar ved sidan av kampane har spela forsøkt mange ulike ting. Alt frå hundeshow til musikalar til idrettskampar – denne gongen er du i staden oppfordra til å ta bileter (i eit minispel som minner mykje om «Pokémon Snap» frå Nintendo 64), og til å børste og føne dyra dine etter kamp for å gjere dei blide. Blant anna.

Funksjonar for å spele mot andre, utveksle Pokémon i byttehandlar, og ellers trene deg på den meir konkurranseretta delen av spelet er her framleis.

 

Veldig enkelt – med mindre du aktivt gjer det vanskeleg

Det ville nærast ha vore merkeleg å skrive om eit Pokémon-spel etter sumaren i år og ikkje nemne «Pokémon Go» som omtrent tok over verda på eit tidspunkt. «Sun» og «Moon» tek ikkje etter sin fetter på mobilskjermane, og du kan framleis arbeide deg opp til å fange alle ved å sitje pal i sofaen, i friminuttet, i lunsjpausen, eller pendlande på bussen. Men som ein av dei som framleis speler på telefonen min, kjennest det litt rart at det ikkje er noko tilknyting mellom spela i det heile teke.

«Pokémon Sun» og «Moon» er i si grunnform altfor lett. Tydelegast er det i valget av at hovudrivalen din for første gong i spelserien velgjer den av startmonstera som er svakt mot ditt startmonster.

Sjølvsagt er dette hovudsakleg grunna at spelet er bygd for folk som er like gamle som eg var for 16 år sidan, men i mangel på ei vanskeleghetsinnstilling kan det vere lett å oversjå dei ulike valga ein bør skru på og av for å gjere spelet litt meir utfordrande.

Exp.Share bør slåast av, og Battle Style bør stå på Set om du føler det blir enkelt – og om du ynskjer å gjere spelet frivillig om til ein slags Iron Man-modus, så følgjer du dei såkalla Nuzlocke-reglane i tillegg, der alle pokémon som slåast ut av kamp er å rekne som døde. Det anbefalast for meir spenning!

 

«Pokémon Sun» og «Pokémon Moon» er ei god feiring av eit 20-årsjubileum, om ikkje anna for å vise at grunnformelen Satoshi Tajiri og resten av selskapet GameFreak laga oppmot 1996 var glimrande.

Nokre problem møter utviklarane i møtet mellom folk som meg og håpet om å fange inn nye spelarar som om to nye tiår kan vere som meg, men dei lukkast i å tørre å forandre noko medan dei samtidig innkapslar det «Pokémon» i bunn og grunn er:

Den irrasjonelt tirrande spenninga etter å ha kasta ein pokéball medan du venter på at den bekreftar fangsten, slik at du kan krysse av endå ein boks på vegen mot å fange alle.

Denne anmeldinga er av «Pokémon Moon», men dei to spela er med unntak av nokre monstervalg og andre mindre detaljar identiske.

«Pokémon Sun/Moon» er sluppet til Nintendo 3DS.

Oppsummering
Positivt
«Pokémon» er eit glimrande rollespelsystem som fungerar både overfladisk og djuptgåande. Spel og bytt åleine, med vener i same rom, eller over Internett. Auka fokus på historie og bortgang frå delar av «Pokémon-formelen» er oppfriskande i ein 20 år gamal spelserie.
Negativt
Er i utgangspunktet for enkelt. Kampar med fleire enn fire Pokémon skapar tidvis treigheitsproblemer på eldre 3DS-maskiner. Brukar litt for lang tid før det tek av «støttehjula» i starten av spelet.
Del gjerne:
Hei! Vi trenger din hjelp - om du liker å lese spillstoffet vårt her, vurder gjerne å hjelpe oss direkte på Patreon, så kan vi fortsette med det. Takk <3